
Liv og lagnad i Holmebygda
På junimøtet tok Eystein Hjelme oss med på ei reise tilbake i tida og livet som var i Holmebygda som ligg på austsida av Storfjorden i Fjord kommune. På det meste budde det over 40 menneske på dei tre gardane og omlag ti plassane. Først synte han kart over Holmebygda og orienterte om namn på gardar, plassar og område.
Eystein viste bilde av fleire hustufter og gjennom forteljingane gav han innblikk i kvardagsliv, slekt og historia til folk som budde der. Nedanfor vert nokre nemnde. Alle dei historiske bilda er tekne av Eystein.

Den mykje omtala bakaromnen som Latøy-Lars mura. Det tok lang tid og mykje ved for å varme opp omnen til å vere steikeklar. Fordi brøda vart så gode, rodde dei frå Espehjellen på andre sida av fjorden og kom frå Øvsteholmen med brødeig for å steikt brøda.


Under ein mange meter høg og steil fjellhammar ligg ein kjetting som er så tung at ein vaksen mann har nok med å lyfte tre lekkjer. Hit kom jektene og vart fortøya. Steinane er av olivin og har eigenvekt på 3,3 kilo/liter. Eine steinen har form som ein fallos. Dei vart lest på og av jektene som ballast etter behov. Til høgre er Kisteberget der segna fortel at Heilag Olav på si ferd inn fjorden sette skattekista si. Ho seig i sjøen og etterlet seg tydelege spor i berget.


Bildet til venstre er frå 1973 og syner hustuftene etter ein plass som har mange namn. Far og dotter som budde der var spedalske. Etter dei døydde vart husa brende for å unngå smitte. Plassen har difor også vorte kalla Lepraplassen. Bildet til høgre syner øya Kråka ved Stordalsholmen. Marit Rasmusdotter Bjørdal (Sva-Maska) frå Sunnylven vart dømt til døden ved halshogging for trolldom og brent på bålet. Det skjedde på Kråka som i den tida var rettarstad for trolldomssaker på Sunnmøre.



