Frivilligforum i april

Alle lag og organisasjonar i kommunen vart invitert til frivilligforum 14. april på biblioteket i Valldal, der det var godt frammøte. Det var anledning til å delt på teams. Frå vårt lokallag møtte Anna Margrethe.
Første temaet var korleis vi kan oppdatere aktivitetskalenderen på nettsidene til kommunen, opplevfjord.no, meir. Organisasjonane kan gå inn på sida og melde inn arrangement, og arrangementet kan linkast til nettsidene til dei organisasjonane som har slike.
Vi fekk info om pilotprosjektet ABC for god, psykisk helse som er planlagt i Stordal 30. mai med enkle aktivitetar for idrett og leik på tvers av aldersgrupper (generasjonsleikane). Det er søkt og fått midlar til gjennomføring.
Ein laurdag i september vert det ein frivilligfestival på Martin Lingehuset med presentasjon av aktivitetar og frivillige aktørar i kommunen vår der det er viktig at lag og organisasjonar er med.

I frivilligsentralane sitt notat frå møtet kan du lese meir om møtet. Bilda er tekne av frivilligsentralane:

  1. Ann Elise Dyrkorn, Valldal seniordans, Stordal Liabygda pensjonistlag
  2. Anna Margrethe Drægebø Mo, Mental Helse Fjord
  3. Nina Grønning, Valldal skulekorps
  4. Lars Petter Hauge, Valldal IL
  5. Marit Øvrevoll, Valldal søndagsskule, Sylte bedehus
  6. Aksel Døving, Valldal Lions club
  7. Bjørg S Kleppe, Valldal bygdekvinnelag
  8. Kristen Leganger, Stordal Liabygda pensjonistlag
  9. Anne Nygård, Eidsdal Norddal Røde Kors Omsorg
  10. Kjell Rønning, Hørselsforbundet indre Sunnmøre, Seniornett Valldal, norskprat
  11. Brita Relling, Eidsdal Norddal Røde Kors Omsorg
  12. Torveig Klamdal, Eidsdal Musikklag, Eidsdal helselag, Eidsdal IL friidrett, Valldal
    spelmannslag, Eidsdal-Norddal og Geiranger pensjonistlag
  13. Solveig Linge Stakkestad, Fjørå Valldal pensjonistlag
  14. Wenche Henden, Eidsdal Norddal Røde Kors Omsorg, DNT Sunnmøre
  15. Palma Flåen Øvrebust, Stordal folkedanslag, Stordal Liabygda pensjonistlag
  16. Eva Hove, pårørandeforening Stordal, Kyrkjehola kulturbeite, StorfjordensVenner
  17. Bjørnar Midtbust, Kyrkjehola kulturbeite, seniornett Stordal, Stordal IL fjellservice, Ola
    Stavseng venneforening
  18. Terese Jemtegård Moen, ordførar
    Kalendermøte
  • Gjennomgang av kalender og bruk, korleis melde inn
  • Det vart semje om at faste aktivitetar også kan leggast inn
  • Kalendermøte skal gi tid og rom for gjensidig informasjon mellom dei frivillige
    laga – og legge til rette for samarbeid og samordning.
  • Ønske om å synleggjere kalenderen i avisa, er det mogleg med eit samarbeid
  • Infoskjermane – dei enkelte bedriftene eig dei no, det vert arbeidd med at
    kommunen skal eige dei.
    Kva skjer i Fjord framover – utveksling av informasjon
  • Valldal skulekorps – KorpsfestiValldal 12.-14. juni, 700 påmeldte, Valldal Fjørå Tafjord,
    treng ca 200 frivillige
  • Valldal IL –sykkeltrim, fridrettscupar, Mefjellet Opp, Olsok/Jordbærdilten
  • Lions Club Valldal medlemsmøte – har invitert invitert 4H for støtte/samarbeid
  • Valldal bygdekvinnelag – ope møte med kommunefysioterapeut, busstur, bygdebrunsj
    på farsdagen
  • Fjørå Valldal pensjonistlag – Litterært møte med Arne Ruset veke 17, fellestur med
    Hurtigruta til Geiranger i mai for å markere 50 år
  • Stordal pensjonistlag – tur til Åndalsnes i mai
  • Hørselsforbundet Indre Sunnmøre hørselstest 13.-14. juni, ope medlemsmøte i Stordal i
    oktober, om hjelpemiddel
  • Eidsdal Norddal Røde Kors – 29.04. startkurs Røde Kors, 30.4. ope møte tema
    beredskap
  • Mental Helse Fjord – temamøte 12. mai Livet i Holmebygda
  • Kyrkjehola Kulturbeite – seks konsertar
  • Storfjordens Venner – stemne
  • Pårørendeforeninga Stordal – songstund kvar veke
  • Bygdemiddag i Stordal 30. mai – privat initiativ

  • Generasjonsleikane
    Stordal 30. mai, i samarbeid med Stordal IL og initiativtakarane til bygdemiddag som
    skal vere same dag. Plass til fleire frivillige. Generasjonslekene – Aldersvennlig
    Frivilligfestival
    Møtedeltakarane ser på dette som positivt og vil vere med og bidra. Vi treng
    medlemmar til ei arbeidsgruppe, meld deg gjerne. Det vert sendt ut eigen informasjon
    med frist for tilbakemelding på e-post.
    Eventuelt
  • Det vert sendt ut info om gratis utlån av piano og lydutstyr frå Festspela i
    Geiranger. Utstyret er sponsa av Sparebanken Møre.
    1. mai – noko ekstra som skjer? NRK er på jakt etter spesielle tradisjonar som dei kan vere med på denne dagen. Ordføraren vidareformidlar informasjon, ta
      kontakt.