Triveleg tur på «Bedringens veg»

Vi var åtte som møttest ved Muritunet i Valldal denne torsdagen og gjekk Bedringens veg langs fjorden og vidare langs elva Valldøla. Turen gjekk på fin grusveg i roleg tempo, omgjevne av vårgrøne tre, blomstrande raudhyll og frisk lukt av natur. Fuglesongen fylte lufta, medan elva risla jamt ved sida av oss. Ei stemningsfull oppleving som gav både ro og energi. Bedringens veg er kjend som ein lett og tilgjengeleg tur som passar for alle.

Særleg kjekt var det med mange kvilebenkar med utsikt til elva langs turruta.

Benkane gav høve til å stoppe opp, nyte naturen, lytte til kvilelaust vatn som hasta ned til fjorden. Desse små pausane gjorde turen ekstra god og tilgjengeleg til naturen.

Langs vegen er det fleire tips om å gjere ulike øvingar for å styrke kroppen. Sjølvsagt prøvde vi oss på nokre av øvingane. Med oss på turen var Eystein og Kjell Martin som er lokalkjende. Dei fortalde om fjell, stader og historier og gjorde turen vår også lærerik.

Etterpå samlast vi til ei hyggeleg sosial økt på Lupinen Kafé. Kafeen er kjend for god mat og ei lun atmosfære. Der fekk vi tid til å prate, le og dele inntrykk frå turen. Som ei ekstra fin avslutning spela Kjell Martin to melodiar på munnspel. Tonane skapte god stemning og minnerik avslutning på triveleg dag. Ikkje fritt for at det rykte i dansefoten hos somme.