Plan for siste halvår 2026

Dette er skisse for kva vi vil prøve å gjennomføre i komande halvår.

Etter kvart som detaljplanen er klar for kvar aktivitet, vil den verte lagt ut på nettsida og informasjon/invitasjon vert sendt til alle medlemmene våre. Så langt det er råd, vil dei fleste aktivitetane verte lagt til torsdag. Det kan også verte andre aktivitetar enn dei som er skissert her. Dei kan verte føya til på denne lista.

Kino på Odeon, Moa. Stavløa på Juvet. Ålesundsvandring med kaffitreff på hurtigruta. Samling på Stampa i Stavåna (veravhengig). Opera Nordfjord i oktober (Carmen). Rusle Skodjebruene med samling på «Bollur og Braud» for ei sosial økt. Seljebotn – Langsætrane (gapahuken). Vestresætra. Helsebading på Muritunet. Bowling på Kulå. Minigolf i Molde med samling på Egon. Kombinert middag og julekonsert i november/desember.

Har du forslag til andre aktivitetar, tek vi imot med takk. Send forslag til fjord@lokallag.mentalhelse.no eller ring Anna Margrethe tlf. 92 63 99 16.

Det kan verte føya til andre aktivitetar seinare.