Framtidfullmakt – tryggleik for framtida

Temaet på siste medlemsmøtet i år var framtidsfullmakt der advokat Mette Loe orienterte.

Innleiingsvis fortalde ho litt om lovverket og den nye vergemålslova som vart vedteken i 2010 og tok til å gjelde i 2013. Den gjorde det mogeleg å opprette framtidfullmakt der folk sjølv kan peike ut kven som skal ta vare på økonomiske og private interesser dersom ein ikkje klarer å ivareta dei sjølv på grunn av demens eller alvorleg sjukdom.

Det er tre former for vergemål/representasjon: Representasjonsfullmakt/Legalfullmakt – gjeld berre daglegdagse handlingar som t.d. betale rekningar, dekning av vanleg forbruk, gje gåver av mindre storleik ved bursdagar, jul og liknande.
Offentleg vergemål – med offentleg oppnemnt verge og underlagt Statsforvaltaren.
Framtidsfullmakt – ei privatrettsleg fullmakt som alternativ til offentleg vergemål.

Mette fortalde også om hendingar som har oppstått grunna bankane si teieplikt, og ektefelle som ikkje fekk tilgang til pengar å leve for fordi alle pengane stor på mannen sin konto og han vart ute av stand til å bestemme. Difor er det viktig å tenke gjennom og bestemme kva som skal skje dersom sjukdom/ulykker skulle oppstå.

Det er viktig å passe på å fylle alle formkrava for at framtidsfullmakta skal vere gyldig. Mette nemnde nokre krav: Skriftleg fullmakt, underteikna av to myndige vitner som fullmaktsgjevar har godteke. Fullmektigen kan ikkje vere vitne. Det same gjeld fullmaktsgjevaren sin ektefelle, sambuar, foreldre, born eller barnebarn. Er ein uheldig, kan det skje at fullmektigen vert sett ut av spel. . Difor bør ei ha minst to fullmektigar. Framtidsfullmakta skal ikkje sendast Statsforvaltaren for oppbevaring. Den bør fullmaktsgjevar og fullmektig(ar) ha.

Nemnast kan at fullmakta tek til å gjelde når ein har legeerklæring på at fullmaktsgjevar ikkje lenger er i stand til å ivareta interessene sine.

Stadig fleire nordmenn sikrar seg med framtidsfullmakt. Med framtidfullmakt bestemmer du sjølv kven som skal hjelpe deg dersom du ikkje lenger kan ivareta interessene dine.