Eventyrleg polarliv

Denne kvelden tok Lena Tronstad oss med på ei flott reise til Svalbard.

Realiserte draumen

Lena fortalde at ho hadde ein ungdomsdraum om å reise til Svalbard. Først i voksen alder vart draumen realisert, og ho budde og arbeidde der i nærare halvtanna år.

Samfunnet

I begynnelsen orienterte ho litt om historia til Svalbard som ligg på 71 – 74 grader nord og nærare Nordpolen enn Noreg. Det var nederlendaren Barentsz som kom dit i 1596 og kalla området Spitsbergen etter dei spisse fjella. På 1600-talet vart det fanga mykje grønlandskval, og han vart nesten utrydda. Det vart brukt flytande fabrikkskip. Lena nemnde bl.a. koldrifta på 1900-talet. Etter Svalbardtraktaten har alle landa som har underteikna den, rett til å opphalde seg, drive jakt og næringsverksemd på Svalbard, men Noreg har suvereniteten.

Samfunnet er velfungerande og vert drifta som ein kommune utan å vere det. Kvart fjerde år vert det valt lokalstyre, og sysselmannen er statens sin mann. I Longyearbyen med omlag 2.500 menneske ligg verdens nordlegaste kyrkje. Permafrosten gjer at dei ikkje har gravstad der. Totalt er det berre to mil med veg, men likevel er det mange bilar. Vatn og avløp ligg over bakken. Elles er det universitet og studentbustader. I løpet av året er det innom ca. 600 studentar. I Hjortfjellet som er det mest fotograferte fjellet er frølageret, der mange land har lagerplass.

Kulturlivet er svært rikt og allsidig, og kan kallast helsebringande. Bl.a. har dei solfest 8. mars kl.12:03. Elles er naturen spennande. I tida september – mars er det Nordlys. Lene fortalde at ein ein damegjeng reiste på telttur. Om natta gjekk dei skiftvis på isbjørnvakt heile tida. Etter å ha budd på Svalbard 2 – 3 år skaffar ein seg hytte. Såleis har alle ei hytte. Det er også velferdshytte som kan brukast. Sommarstid ligg det godt til rette for båtturar. Nemnast kan at mange har snøskuter, men det er ikkje lov å køyre på tundraen.

For å bu på Svalbard bør ein ha tilfredsstillande helse. Det er sjukehus som har beredskaps- og akuttfunksjon. Nemnast kan at dersom ein skal føde, må ein reise til fastlandet tre veker før nedkomst.

Byen Pyramiden som var grunnlagt av svenskane og seinare seld til russarane, har vorte ein spøkelsesby etter nedlegginga av koldrifta. Ein pågåande brann i gruva fargar fjellet raudt på utsida. Det var ved Operafjellet det omkom 141 menneske i ei flyulykke i 1946.

På spørsmål frå Lena viste det seg at 5-6 av tilhørarane har vore på Svalbard. Vi andre fekk ei fin oppleving gjennom Lena si forteljing og bilde.

På Svalbard kan ein treffe på isbjørn, og ein har gjerne med seg rifle og signal.

Treff ein på isbjørn må ein trekke seg tilbake og unngå våpebruk fordi isbjørnen er freda.

Møta våre er opne for alle interesserte, både medlemmer og ikkje-medlemmer. Kjekt å sjå at mange så mange møtte. Lena gav oss ein svært interessant kveld med forteljing og bilde.