
Frivilligfestival i Fjord kommune
På festivalen var det ein smakebit av alt frivilligheita i kommunen har å by på.
32 organisasjonar, lag og foreningar var samla på Martin Lingehuset sundag 20. september og gav ein smakebit på kva dei kan by på av fritidstilbod og møteplassar. Det møtte engasjerte frivillige, stands og det var mange kjekke aktivitetar for heile familien.
Ordføraren opna festivalen med velkomstord. Nemnast kan at arrangementet er eit ledd i ABC for god folkehelse som handlar om å gjere noko saman som er meiningsfylt. Helsedirektoratet står for kampanjen. I vårt fylke er det fem lokale tiltak, og Fjord er den einaste kommunen som er med.
I løpet av dei tre timane standen varte rusla folk rundt og slo av ein prat og gjorde seg kjende med organisasjonane og kva dei tilbyr. Det er i alle fall ikkje mangel på gode og varierte tilbod for innbyggjarane i kommunen vår.


Etter vi var ferdige på stand, møtte besøkande og vi som var på stand i salen der Rigmor Galtung entra scena som Gro. Seinare imiterte ho også Wenche Myhre og Erna. I inspirasjonsforedraget delte ho av erfaringar sine med både motgang og medgang og fekk oss til både å le og tenkje på korleis vi kan møte motbakkar med humor og styrke.


