Julekonsert i Spjelkavik kyrkje

Å samlast til julekonsert i kyrkja skaper ei eiga høgtid og stemning i førjulstida. Denne gongen i Spjelkavik kyrkje måndag 27. november på Stille Natt Hellige Natt med Alexander Rybak, Rune Larsen, Anna Lisa Kumoji og Ole Børud. Seinare, når jula nærmar seg meir, vil vi nyte julekonsertane i nærmiljøet vårt.

Etter kvart fyltest kyrkja med forventningsfulle publikumarar. Svært kjekt var det å få komme inn i kyrkja etter kvart som vi møtte fram. Sleppe stå i kø ute i kuldegradene og vente på at dørene vert opna.

Dei fire aktørane skapte stemning både som solistar, med felles framføring og ved å trekke publikum med i songen. Det var fin blanding med forteljing som batt forestillinga saman, kjende julesongar og nyare songar. Som vanleg ved slike konsertar vart også denne avslutta med at publikum reiste seg og song Deilig er jorden saman med artistane.

Vi var ein gjeng på nitten som slo oss saman og reiste på julekonserten. Vi fekk ei fin kulturell oppleving i kyrkja denne ettermiddagen med knasande snø og smilande rund måne på skyfri himmel.