Kroppspress tema på kvinnedagen

Dagen vart markert 8. mars på skulen i Valldal der Eva Hove ønskte velkommen og losa oss gjennom programmet for kvelden.

To av innleiarane, Ida Kristoffersen Rem og Karianne Vikene, som jobbar på Muritunet, sa at kroppspress er eit tema mange kjenner på. Presset kjem gjerne frå sosiale media og menneska rundt oss, men treng vi kommentere alt? Vi let oss påvirke og vert vår eigen kritikar. Men kroppspress er tosidig. Det er viktig å ta vare på helsa slik at kroppen fungerer, samt ha eit godt og variert kosthald slik at vi får energi til å gjere det vi har lyst til. Vert vi så opptekne av kroppen at det påvirkar livskvaliteten, bør vi søke hjelp hos helsetenesta. Ønskjer vi å vere anonyme, kan vi ringe hjelpetelefonar som mange organisasjonar har.

Alltid kjekt med kulturelt påfyll på møta. Maron Dyrvik stod for det musikalske innslaget.

Fastlege Tove Standal snakka om kroppspresset som knyttar seg til underlivet. Mange, særleg yngre, tek intimkirurgi. Vi får inntrykk av at vi skal sjå slik og slik ut, og ein kan meine at ein ser rar ut. Dei som vil selje, fortel at vi bør bruke intimsåpe og vaske oss så og så mykje nedantil. Slik er det ikkje, for slimhinnene ordnar med reinsinga av seg sjølv. Ein er ulike «der nede», og det meste er normalt.

Distriktsleiar i Møre og Romsdal Røde Kors, Øystein Valde, orienterte litt om korleis Røde Kors vart til og kva dei driv med. Han tok bl.a. fram leksehjelp, besøksteneste og norsktrening.

Etter sjølve møtet var over, benka vi oss ved småbord, drakk kaffi/te, åt kaker og diskuterte vidare.

Arrangørane av mareringa var: Fjord SV, Fjord AP, Valldal Helselag, Valldal Bygdekvinnelag og Mental Helse Fjord.
(Storfjordnytt har fyldig referat «Vi er meir enn kroppen vår» i avisa 14. mars.)