Nyttig opplæring av folkevalde og dei tre råda
Fjord kommune inviterte det nyvalde eldrerådet, rådet for personar med funksjonsnedsetting og ungdomsrådet til KS Folkevaldopplæring saman med det nyvalde kommunestyret 22. – 23. november.
Tidlegare rådmann i Aukra, Ingrid Husøy Rimstad, prosessrettleiar i KS hadde opplæringa.
Etter Velkomstord ved ordførar Terese Jemtegård Moen presenterte regiondirektøren i Kommunenes Sentralforbund (KS) organisasjonen KS som alle kommunane er frivillige medlemmer i. Han nemnde bl.a. KS sin visjon: Ein sjølvstendig, effektiv og nyskapande kommunesektor. Elles vert det jobba for å motvirke for stor detaljstyring av regjeringa over kommunane.
I løpet av dagane fekk vi innblikk i mange tema. Nemnast kan kommunen sitt samfunnsoppdrag, planarbeidet, kva det vil seie å vere folkevald, samspelet imellom dei folkevalde, informasjon om kommunen vår, samspel mellom administrasjon og folkevalde, samspelet med innbyggjarane og kva vi skal gjere vidare. Til slutt fekk vi orientering om kontrollutvalet sin rolle og oppgåver. Elles var det fleire gruppearbeid knytt til dei ulike temaene.
Deltakarane vart plassert blanda ved kvart bord. Her er Nina Iren Haugli (AP), Espen Thomas Heitman (FRP), Terese Jemtegård Moen (SP) og Anna Margrethe Drægebø Moe (Råd for personar med funksjonsnedsetting) ved eine bordet.