
Leiarmøte i april på Vestnes
På leiarmøta møter leiarane og eitt styremedlem frå kvart lokallag.
Fast post på programmet er «Nytt frå lokallaga» der lokallaga fortel om aktivitetane dei har i lokallaget sitt. Med andre ord er det utveksling av idear og erfaring der ein kan få inspirasjon til nye aktivitetar i lokallaget sitt.
Elles har ein formidling av viktige saker som det er nyttig få informasjon om for lokallaga. I god tid før kvart leiarmøte vert alle lokallaga invitert til å komme med forslag/ønskje om tema på møta. Vedlagt følgjer programmet til om temaene.
Frå vårt lokallag var det to som hadde innlegg om viktige tema.


Ingrid Løset som bl.a. har svært lang fartstid både som leiar i brukarutvalet i Helse Møre og Romsdal HF, og stod for mange kurs i brukarmedvirkning då ho var leiar i FFO Møre og Romsdal, hadde innlegg om brukarmedvirkning i praksis. Ho delte av erfaringane sine og hadde mange gode tips for brukarrepresentantar til å ta med seg i arbeidet.

Anna Margrethe Drægebø Moe har vore fylkesstudieleiar sidan 2012 og har kursa mange studieleiarar/lokallag i fylket. Ved å registrere aktivitetar som gjev læring og halde kurs får lokallaga tilført midlar frå Studieforbundet Funkis. Midlar som kan nyttast til nye aktivitetar. 13 av våre 14 lokallag registrerer kurs. Ho ga m.a. oppdatering i regelverket og tips om korleis ein kan få tilleggsutbetaling frå MH på kr 30 pr. time for visse kurs.