Lesestund på biblioteket

Første torsdagen i april møttest vi på biblioteket der bibliotekar Bjørg las ein novelle som innleiing til samtale.

Evigvarande tema?

Den handla om ei dame som skal i selskap til eit vennepar. Klesvalet er ikkje lett, og ho legg fram mange antrekk å velje mellom. Tidlegare erfaringar, der ho i selskap har vorte plassert saman med aktuelle menn utan å få «draget», fører til at ho legg skulda på nasen sin som ho meiner ikkje er bra nok. Oppfatninga har ridd henne så mykje at ho har vore inne på tanken å operere nasen for å få den slik ho ønskjer det, men har slått det frå seg.

Endeleg klarert i god tid før selskapet syklar ho avgarde, men oppdagar plutseleg at ho er 40 minutt for seint ute fordi sommartida er over, set opp farten, køyrer over ein issvull, fyk over inngangsporten til vertsfolket og landar. Kort fortalt, ho forferda vertsfolket og dei andre gjestane som kom til, med eit forslått blødande andlet. Men etter ho fekk vaska av seg blodet og roa seg litt, konstanterte ho med glede at no hadde nasen vorte slik ho ønskte og deltok i selskapet. Denne gongen opplevde ho at bordkavaleren hadde auge for henne.

Historia handlar eigenleg om kroppspress skapt av eigne oppfatningar av utsjånaden som festar seg. Velkjent er det også at når vi skal ut, er det også ei viss studering av kva vi skal ha på oss, om vi ser bra nok ut. Eit alltid aktuelt tema som er framstilt på ein humoristisk måte i novellen kalla Dame i svev skriven av Marianne Fastvold.

Etterpå reiste vi ned på frivilligsentralen til kaffi/te og vaflar, der praten gjekk vidare.