Likepersonsarbeid viktig i lokallaga

Tysdag 20. februar var det webinar i likepersonsarbeid.

Enkelt sagt er aktivitetar der vi kjem saman og utvekslar erfaringar kalla likepersonsarbeid. Vidare er ein person ansvarleg for kvar samling, og vert kalla likeperson. Aktivitetar som t.d. møteplass/kafegruppe, turgruppe, friiluftsaktivitetar med medlemmene, foredrag og kurs av ulike slag er likepersonsarbeid. Aktivitetane er tidsavgrensa. Organisasjonane sjølv vurderer likepersonane sine og godkjenner dei.

Barne- og ungdomsdirektoratet (Bufdir) gjev tilskot til aktivitetane, og lag registrere desse på fastsette skjema og sender dei til sin hovudorganisasjon innan fastsett frist. Hovudorganisasjonen tek seg av det vidare arbeidet med å søke Bufdir om tilskott som vert utbetalt til laga. I lokallaget vårt har registreringa vore gjort i åresvis, og vore med å skaffe pengar til nye aktivitetar.

Sjølv om vi har lang erfaring med arbeidet, var det likevel greitt å delta på kurset for å få nye idear, og gjerne også dele idear med andre. På kurset deltok også representantar frå lokallaga i Skodje/Ørskog og Kristiansund.

Det er positivt at ein kan delta på slike webinar som ikkje kostar lokallaget noko og slepp reisetid. Kurset ligg på Mental Helse si nettside og kan gåast inn på av den som ønskjer det.