Løklia

Godt sommarver måndag 10. juni lokka oss ut på tur igjen.

Stad med idretts-historisk sus

Vi møttest ved Fjellstova på Ørskogfjellet, eit godt utgangspunkt for turen i Løklia. Derifrå går det fin grusveg på nordsida av Svartløkfjellet. På andre sida ligg Nysætervatnet og speglar seg i solglimta denne kveldsøkta.

Vi passerer restane av hoppbakken, kalla Løklibakken som vart bygt på 30-talet. Seinare vart bakken påbygt. I 1968 vart det halde NM i hopp normalbakke og kombinert der. Nemnast kan at Bjørn Wirkola deltok og sette bakkrekeord på 92 meter. Bakken var i bruk til utpå 1970-talet. Då gjekk det eit stort snøskred som øydela delar av bakken, og den vart ikkje sett i stand og brukt meir.

Vi ruslar vidare, nyt turen og stemninga, pratar, stoggar og ser oss rundt, nyt kvelden. Etter kvart når vi Løkjen med bygningar og restar frå ei tid som var med sæterliv med dyr og arbeidet som følgde med. Her finn vi nokre steinar å sitje på, rastar og nyt medteke før returen. Vi slo følgje med LHL, og nytta turen til å verte betre kjende med den trivelege gjengen.

På Løkjen gjekk vegen langs ein fin alle inn mot nokre bygningar. Mest som ein vart freista til å dra av seg skoa og vasse i smådammane vi passerte – idyllisk landskap.