På frivilligforum i mars

Alle lag, organisasjonar, frivillige, næringsliv og andre interesserte vert invitert til møta som er ein samhandlingsarena for frivilligheita i kommunen.

Nyttig møtestad

Ordførar Terese ønskte oss velkomne og nemnde bl.a. at det er registrert 85 frivillige organisasjonar i kommunen vår.

Iryna frå flyktningetenesta fortalde at frivilligsentralane er viktige for inkludering av flyktningane, og nemnde språkkafe, det å bli kjent med andre og lære språket og lære kulturen å kjenne. Av dei 68 ukrainarane som bur i kommunen er 26 barn. Dei fleste med små born bur i Stordal. Det er ønskje om at kvar organisasjon har ei inkluderingskontakt som flyktningetenesta kan kontakte.

Under matøkta hadde vi idemyldring om kva organisasjonane kan gjere for å verte meir synlege, om bruken av Fjord kommune sin aktivitetskalender og opplevfjord.no. Vidare om det er noko vi kan gjere for å unngå at aktivitetar kolliderer.

På spørsmål om frivilligforum er ein nyttig og relevant møtestad, var svaret frå møtelyden positivt. Vi er inviterte til å komme med innspel om tema til neste forum.

Elles skal frivilligsentralane ha ei såkalla ressursgruppe som skal ha 2 – 4 møte i året. Det var kome inn forslag frå tre organisasjonar, og ein av deltakarane tok fram at det bør vere ungdommar i gruppa.