På julekonsert i Spjelkavik kyrkje
Vi i lokallaget har i mange, mange år vore saman på julekonsert. I løpet av åra har det bl.a. vore i Sykkylven kyrkje, Molde domkyrkje, Stranda kulturhus og i Spjelkavik kyrkje. På årets julekonsert var vi nitten som møtte.
Siste åra har vi av praktiske grunnar valt å reise til konsert i Spjelkavik kyrkje, og ingen gong har vi reist heim att skuffa.
Konserten i år var veldig godt arrangert. Rune Larsen batt som vanleg saman konserten med blanding av humor og alvor der Alexander Rybak, Anna Lisa Kummoji, Tor Endresen og han stod for framføringa. Det vart veksla mellom soloinnslag og samsang av artistane. Som vanleg vart julekonserten avslutta med at publikum reiste seg og song Deilig er jorden saman med artistane.