
På TEFT-kveld med Sparebanken Møre
Sparebanken Møre inviterte representantar frå frivillige lag og organisasjonar til TEFT-kveld på Gomerhuset 2. november. Det var ein inspirasjonskveld med informasjon, kultur, foredrag, kåring av årets prosjekt og utdeling av TEFT-midlar 2023. Amina og Kristina i Sparebanken Møre ønskte velkommen og var programleiarar. Nedanfor er nokre glimt frå kvelden.

Robin i Dale Oen Experience har som mål å gje barn og unge ei opplevinga av å meistre, og at det umogelege er mogeleg. Visjonen er: Vi gir ikkje karakter – Vi bygger karakter! Dei unge får utfalde seg på område som forskning, teknologi og friluftsliv.

UL Fram underheldt med vakker orientalsk dans.

Skøye Teaterlag framførte samtale mellom to barn som prøvde å halde tunga meint i munnen om familieforholda som var nokså innfløkte.

Anja Hammerseng-Edin var ein av dei beste handballspelarane våre. Hennar livsmotto: Kva om det er mogeleg då? Det handlar om å tenke positivt og flytte fokusområdet i privatlivet, i fritidsaktivttetar så vel som på arbeidsplassen.
I løpet av kvelden kåra dei frammøtte årets prosjekt. Som avslutning på kvelden delte Sparebanken Møre ut TEFT-midlar 2023 til lag og organisasjonar.
Mental Helse Fjord takkar for TEFT-midlane laget vårt fekk, og vi tre som møtte, for ein fin og inspirerande kveld.