Triveleg førjulstreff

I år inviterte vi medlemmer og andre interesserte til førjulstreff på frivilligsentralen andre tysdagen i november.

Først på kvelden synte Ingebjørg Vestre bilde og fortalde om ei reise ho hadde hatt i Lofoten. For dei av oss som ikkje har vore der, var det kjekt å oppleve turen ho hadde hatt. Dei som har vore i Lofoten, vart mint om opplevingane sine der. Takk til Ingebjørg som tok oss med på ein fin tur i utruleg flott natur.

I staden for tradisjonell julemat vart det servert m.a. spekemat med mykje forskjellig tilbehør og kabaret. Og etter ein pratepause vart det heile toppa med kaker og kaffi/te medan praten gjekk vidare.

Lokallaget har aldri hatt loddsal og utloding på treffa og samlingane sine. Det er ein tradisjon vi held fram med. Men vi gjorde ein vri, hadde utlodning utan å selje lodd. Deltakarane skreiv namna sine på ein lapp, og vi trekte ti gevinstar. Det var Mental Helse sine fine julekuler til inntekt for hjelpetelefonen og blomsterpynten på borda. Ei fin avslutning på ein triveleg kveld.

Vi i styret takkar alle for turar og aktivitetar vi har hatt i lag, og all glede vi har hatt saman i året som snart er omme og ser fram til å ha det kjekt saman også i det nye året.

Vi hadde førjulsfest med med nydeleg og variert spekemat, samt kabaret. Etter ein pratepause vart toppa det med m.a. kaker og kaffi/te.