Verdier og tryggheit i eit styre

Mental Helse har mange webinar i ulike tema som er viktig for å lære meir og repetere.

Samarbeid

I alle organisasjonar er det viktig å ha eit styre som fungerer godt saman for å få gjort arbeidsoppgåvene. I kurset vart det lagt vekt på arbeidsmiljøet, bl.a. vere trygg og få informasjon. Det som er sagt i styret skal forbli i styret. Styra vert oppfordra til å ha styreseminar for å ha god tid til å jobbe godt saman om sakene og verte betre kjende med kvarandre.

Det er lærerikt og effektivt å delta på dei ulike webinara som oftast er på omlag to timar. Kursa kan takast heime, og vi slepp bruke tid og utlegg på lange reiser. Vi kan også her danne nettverk, og ta kontakt med dei som var på webinaret dersom ein ønskjer å få utveksle fleire tankar og idear. Elles har ein lengre kurs, på ein dag eller to der vi møtest fysisk, og får utveksle idear og erfaringar på ein noko friare måte.