Fylkeskulturkonferansen 2024 «Ringverknadar – dyrtid, deltaking og drivkraft»
Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer til ein spennande konferanse om korleis deltaking i kulturlivet påverkar liva våre. Konferansen vil utforske ulike perspektiv på korleis aktiv deltaking i kulturaktivitetar kan ha ei positiv innverknad på folkehelsa.
Konferansen byr på foredragshaldarar som vil dele sin kunnskap og erfaring om temaet, i tillegg til arbeidsverkstadar og diskusjonsgrupper der vi saman kan utforske og diskutere dei ulike aspekta ved deltaking i kulturlivet.
Vår leder Irene Sundholm og nestleder Oddrun Beyer Holm deltar på konferansen.
«Drivkraft og motkraft: Når sentraliseringa, rikmannsveldet og teknologien tek grep, kva skal vere vårt svar?»
Forskjellane i samfunnet aukar på mange område. Må vi berre godta det, eller finst det rom for ein motoffensiv? Gjennom historier frå sin eigen oppvekst under jappetida prøver Jens Kihl å sjå etter framtidstru og konkrete strategiar for å inkludere fleire.
Under her finner du programmet for hele konferansen. Målgruppe: Kommunalt tilsette som arbeider med kultur og frivilligheit, folkehelsekoordinatorar og andre som arbeider med folkehelse, tilsette i organisasjonar og institusjonar i Møre og Romsdal, frivillige, politikarar og andre interesserte.