Trollrunden i Fiksdal

Denne gongen køyrde vi litt forbi ferista øvst i Fiksdalen mot Vatne. Sette frå oss bilane på parkeringsplassen der. Labba så avgarde på asfalt eit stykke. Langs vegen lyste freistande kantarell mot oss, men det var ingen sopptur i dag. Om litt tok vi av på skogsveg, og det bar oppover i skogen. Der trefte vi på eit sjarmerande troll som damene flokka seg rund før turen gjekk vidare på skogsvegen.

Turen ber namnet Trollrunden med rette. Undervegs trefte vi på fleire troll som studerte oss med undrande auge før dei smilte oppmuntrande til oss. Mest som dei nikka god tur vidare til oss. Etterkvart gjekk vegen over til sti. Det bar jamt oppover, litt glatt kunne det vere av og til etter regnveret. Mjølkesyra begynte å markere seg i leggane som ei påminning om at det bør trimmast meir.

Då vi nådde høgste nivået på stien, forserte vi ei elv på ei solid trebru med stødig rekkverk. Godt var det, for det var litt glatt på fjølene etter regnet. Her passa det god med pause og niste. Prat og elvasus blanda seg, dei kappast om å skape mest høg lyd. Så bar det nedover på stien mot ein gardsveg før vi traska siste etappe gjennom ei fin bygd tilbake ved bilane. Det var LHL Skodje, Ørskog og Haram som inviterte til denne turen. Kjekt å vere saman med dei på tur.

På vegen helste Anna Margrethe og Ingebjørg på trollmora på veg heim med vakker blomsterbukett i hendene.
Nokre av bebuarane i trolla si høgblokk tok turen ut i det fri for å sjå på turgåararane.
Brua
Brua er litt glatt, og Inger ser til at Jorunn og Brit kjem seg velberga over ho og ned på fast land att.
Då vi passerte brua møtte vi ein trollfamilie og tok ein velfortent pause saman med dei og sette til livs nista.