Sommarfest

I år vart sommarfesten halden i slutten av siste sommarmånaden i nydeleg ver. Som vanleg siste åra har vi hatt den innandørs på frivilligsentralen. Erfaringa er at det er det sikrast når ein har lunefulle vergudar som plutseleg ikkje vil spele på lag.

Vi var omlag tretti som møttest. Astrid Hildre og Liv Holsæter underheldt med fin song og engasjerte oss også i allsong. Alltid kjekt å komme saman. Praten gjekk livleg. Godt smakte det med gryterett og etter ein høveleg pause dessert/kaker, kaffe og te.