Frå Valle til Storfjord hotell

Siste sommardagen lokka oss ut på tur att. Fint å gå på grusveg frå Valle som etter ei lita flat strekning gjekk opp ein bakke som fekk fart på blodomløpet. Etterkvart vandra vi i skog med eventyrfigurar. Triveleg å oppleve. Utafor ei raud dør inn i berget står innbydande bord og stolar. Kanskje trolla har ete frukost her før dei gjekk inn att i berget før sola rann så dei ikkje vert til stein. Men, ein koseleg og trollplass.

Turen gjekk vidare gjennom skog, der florlett nattvev heng trolskt og vakkert på småkrattet. Litt seinare opnar landskapet seg att og vi nærmar oss Storfjord hotell. Det ligg på ein åskam med ei utsikt som berre må nytast.

Diverre var det ikkje lunsj å få kjøpe då vi kom, men vi fekk kjøpe kaffi/te og var velkomne til å sette oss godt til rette ved hotellet.
Utsikta må berre opplevast. Hurtigruta sig sakte innover med kurs for Geiranger. Rundt hotellet er det fint tilrettelagt for vandring og opplevelse.
På returen danna vi både fortropp og baktropp på fin veg gjennom skogen.