Opera Nordfjord: Soga om Sol

Det har vorte ein fin tradisjon å reise på Opera Nordfjord som i år feira 25-års jubileum med ein vaskeekte utvandrarmusikal kalla Soga om Sol. Det meste er oppdikta og noko er inspirert av ein spennande eventyrar frå Nordfjordeid.

Handlinga er lagt til rundt 1915, og vi møter Emil og Sol, som emigrerer til Amerika for å starte eit nytt liv i New York. Emil blir sendt i krigen som leigesoldat når han endeleg kjem fram som ship jumper, og den talentfulle songaren Sol vert med i eit Side-show, der menneske som elles ville vere utstøytte frå samfunnet har funne saman i teaterfamilien med sine talent, handicap og von om eit betre liv. Der finn dei saman i kjærleik og respekt for kvarandre.

Vi fekk oppleve ein rørande musikal som fortalde om tidsbiletet som var. Etter framføringa fekk aktørane ein langvarig ståande applaus.

Alltid kjekt å vere tidleg ute og oppleve mest mogeleg når vi først er på opera. Tid til sosialt samvær er viktig.
Som vanleg gav operasjefen Kari Standal Pavelich orientering om framsyninga vi er komne for å sjå. Etter orienteringa samla vi oss att før dørene inn til salen vart opna.