Eigenberedskap er viktig

Veke 44 var beredskapsveke i Noreg. Saman med Oddbjørn Nilsen i Stordal Brannvern stilte Alfhild Midtbust frå lokallaget vårt på stand då beredskapsveka vart markert 1. november i Stordal. På stand-bordet låg døme på det ein bør ha i beredskap.

Vi lever i eit trygt og stabilt samfunn, der vi er vande med at det meste fungerer som det skal. Men vi er avhengige av straum, vatn og internett – og nettopp der er vi mest sårbare. Uver, naturhendingar, sabotasje, tekniske problem, terror og krigshandlingar kan føre til at mange mister straum og vatn, og det kan verte vanskelegare å få tak i nødvendige varer.

Difor vert alle husstandar bedne om å ta nokre enkle grep for å betre eigen beredskap. På standen vart det delt ut brosjyre der det står eksempel på ting ein kan ha i hus for å klare seg i minst tre døgn. Vi vert oppfordra til å tenke gjennom kva vi treng. Vidare kontrollere at utstyret vi planlegg å bruke fungerer og at vi veit korleis vi skal bruke det. På nettet kan vi lese meir om beredskap.