Beredskapsrådet har ein viktig funksjon

Beredskapsrådet er eit tverrfagleg koordinerande samordnings- og informasjonsorgan. 16. november var rådet som er samansett av medlemmer i kriseleiinga og andre sentrale samfunnsaktørar samla til møte i rådhuset. Dei som ønskte det, kunne delta på Teams. Representanten frå Mental Helse Fjord, Anna Margrethe Drægebø Moe, deltok på Teams.

Rådet er eit forum for gjensidig informasjonsutveksling om beredskapsmessig status, og eit rådgjevande organ for kriseleiinga. Det handlar om å vere budd dersom det skjer ein hendelse. For nokre veker sidan hadde vi beredskapsveke der det handla om eigenberedskap – ha diverse varer og mat for å greie seg i inntil tre døgn dersom noko uventa skulle skje.

Etter ein runde rundt bordet der fleire aktørar orienterte om beredskapsmessig status, informerte Ragnhild Hoel om evakuering og redning i tilfelle det skulle oppstå dambrot ved nokon av Tafjord sine anlegg. Ein hendelse som må kallast av dei verste. Skulle det skje, vil alle som kan verte ramma, verte varsla på telefon.

Jan Ove Gravdal fortalde at vi i hovudsak har flyktningar frå Ukraina. Første tida, til ein fekk etablert tilbod, var det krevjande. Bustader er flaskehals, og det er og tankar om å ta i bruk fritidsbustader. Her har kome 45 flyktningar og 8 til vil komme i år. Komande år er det estimert 37.000 ankomstar til Noreg. Fjord kommune er spurt om å ta mot 24 – 50. Han orienterte også bl.a. om norskopplæringa som varer i eitt år – der ein har leigd inn pensjonerte lærarar, introduksjonstilbodet og at mange har fått seg jobb.

Du kan gå inn på www.fjord.kommune.no og lese meir om beredskapen i kommunen i boksen Beredskap.