Webinar om årsmøte

Mental Helse har laga fleire webinar som vi i lokal- og fylkeslaga kan delta på. Fordelen er at vi kan sitte heime ved PC-en og delta. Etter noko trening vert det nesten som å sitje i lag på møte fysisk.

Organisasjonsrådgjevar Sølvi Hagen og spesialkonsulent Siri Braatane heldt kurset. Det var ein grei gjennomgang av kva vi må passe på i samband med årsmøta, og på nettsida er det berre å klikke på fana for tillitsvalde. Der ligg malar og det vi treng for å gjennomføre årsmøta på ein god måte. «Oppskriftene» forenklar arbeidet i laga. Vi som deltakarar retta opp handa og fekk både spørje og føre dialog. Etter det eg kunne sjå, var vi tre deltakarar frå lokallaga i Møre og Romsdal.

Sjølv om mange av oss har lang fartstid med gjennomføring av årsmøte, er det alltid noko å lære av kvarandre sine erfaringar.