Godt nyttår og info om ny nettside

Nokre dagar har gått sidan vi bladde om til eit nytt år og fann første bladet i kalenderen med januar på. Guden Janus, som har andlet både bak og framme, gjev namn til den første månaden. Vi vil sjå framover og legge planer for aktivitetar i det nye året, men samtidig må vi ta ein titt tilbake på det som vart gjort når årsmeldinga skal skrivast. Ho strekkjer seg frå årsmøte til årsmøte.

Sist haust fekk vi ny nettside i Mental Helse, og det tek tid å lære å bruke den og legge inn aktuell informasjon der. Når du har klikka deg inn på Mental Helse Fjord, går du opp til høgre. Der kan klikke på alternativa Aktuelt Om oss Kalender Dokument

Aktuelt ligg det som har skjedd. Under Om oss er det litt informasjon om lokallaget. Vil du vite kva aktivitetar lokallaget tilbyr, finn du det under Kalender. Klikk på Dokument og finn saker vedkomande årsmøte. Det meste av det som vert lagt ut nettsida, vert delt på facebooksida vår.

Elles vil alle medlemmene også i år få sms om aktivitetane. På komande medlemsmøte i januar, der både medlemmer og andre interesserte er velkomne, vil Anna Margrethe syne den nye nettsida.

Vi ønskjer alle våre medlemmer og samarbeidspartnarar Godt nyttår og ser fram til vidare godt samarbeid til beste for alle.