Webseminar om kurs i Funkis

Mental Helse inviterte alle fylkes- og lokallag til webseminar om studiearbeid 29. januar.

I overkant av 20 deltok, og litt under halvparten hadde erfaring frå studiearbeid. Frå vårt fylke deltok tre, av desse var det to frå MH Fjord. Den eine av oss var utan erfaring medan den andre har over ti års erfaring som studieleiar i lokal- og fylkeslag. Sjølv om ein har erfaring, er det nyttig å høyre spørsmåla som kjem opp på seminaret fordi dei føre til tips i det vidare arbeidet.

Kursleiarar var organisasjonsrådgjevarane Sølvi Hagen og Eirik Franssen. Det var gjennomgang og utfyllande opplysningar til kursmodulane om studiearbeid som ligg på funkis.no. Deretter kunne deltakarane stille spørsmål, og det skjer gjerne utveksling av erfaringar som kan vere nyttige å ta med seg i arbeidet vidare.

Lokallaga har mange aktivitetar som inneheld læring. Det er å finne ei studieplan, lage eit kurs, melde det inn til Funkis for godkjenning. I hovudtrekk er krava: Minst fire deltakarar som har fylt 14 år i kursåret deltek på eit kurs i minst fire timar, og gjennomfører minst 75 % av kurset gjev OT (opplæringstilskott). Treng ein tilrettelegging for at nokon skal kunne delta, er det tilskott til det også. Ved å få tilskott får laga midlar til å lage fleire aktivitetar. Åtte lokallag i vårt fylke registrere kurs, og dei fire med flest kurstimar fekk i 2023 utbetalt mellom frå 15.000 – 21.000 kroner kvar. På funkis.no ligg alt om kurs.