Medlemsmøte med nostalgi

Kjekt å samlast att i første vårmånaden etter snøen og isen har trekt seg litt tilbake. Vandre trygt på vegane att og kjenne på våren.

Laget vårt vart etablert i 2006, og i 2016 markerte vi det med fest der vi inviterte ein gjest kvart Mental Helse lokallaga i fylket. På festen hadde vi ein bildekavalkade med glimt frå mange av aktivitetane vi hadde gjennomført.

På dette medlemsmøtet valde vi å sjå bilda og mimra om det vi gjorde for mange år sidan, før 2016. Kjekt å sjå bilda og mimre om turane, akinga i Grigåsbakken, jentebølga, møta, kursa, samlingane m.m. Elles var det orientering om aktivitetar som er i gang og planene framover våren med innspel frå dei frammøtte.

NB! Medlemsmøta er opne for alle interesserte, både medlemmer og ikkje-medlemmer. Har du lyst å komme, så møt opp. Du er velkommen!

Triveleg å møtast. Etter orientering og innlegg på medlemsmøta tek vi oss tid til å prate om mangt og mykje og nyt både kaffi/te, mat og frukt. Om du ikkje er medlem, kan du møte og delta. Ta med deg nokon og kom.