Mange aktivitetar i Fjord kommune

På aprilmøtet orienterte kulturkoordinator Bjørg Jacobsen om nettsida Opplevfjord.no Deretter hadde vi quiz med ordspråk.

Allsidig og rikt kulturliv

Bjørg synte korleis ein kan finne fram til nettsida med aktivitetar som skal skje i kommunen vår. Lag og organisasjonar lagar ei lita omtale av aktiviteten dei skal ha og melder den inn på nettsida, og den vert lagt ut av kommunen. På oversiktleg måte ligg alle planlagde aktivitetar etter dato på nettsida. Ein kan klikke seg inn på den aktiviteten ein er interessert i og lese litt meir om den. Er alle flinke til å melde inn aktivitetar, er sida informativ om alt det fine som skjer i kommunen vår.

Vi som brukarar må øve på å bruke sida, og interesserte vil verte inviterte til å ta med PC, nettbrett eller mobiltelefon for å øve på å finne fram til Opplevfjord.no.

I kommunen vår er det omlag hundre lag og organisasjonar som tilbyr ulike aktivitetar. Såleis er det svært mykje å velje i, og kanskje bør vi verte flinkare til å møte på aktivitetar som skjer i andre bygdelag enn vårt eige.

Quiz er alltid kjekt å pusle med. Denne gongen var oppgåva å finne manglande ord i ordspråk. Under kaffiøkta med vaflar til, jobba to og to med både kjende og ukjende ordspråk. Bildet syner god og konsentrert jobbing med quizen .