Sommartreff og veiret

Tradisjonen tru vart medlemmene og andre som hadde lyst til å komme invitert til sommartreff som ei avslutning for første halvår.

God latter forlenger livet

Somme år har vi starta andre halvåret med sommarfest i august. I mange år heldt vi til i Stavåna – ein fin plass under open himmel. Sjølvsagt var det viktig å vere på godfot med vergudane. Men etter kvart opplevde vi dei som lunefulle og at det beste var å vere innandørs. Såleis vart treffa på frivilligsentralen.

Denne gongen kom Bodil Grindvik Uri frå Skøye teaterlag og kåserte for oss. Ho snakka om eit tema som opptek oss svært mykje – nesten hvar einaste dag – og som alltid er samtaleemne dersom vi ikkje kjem på noko anna å snakke om. Med andre ord veret eller veiret som vi seier i daglegtalen her. Ho var innom fleire utgåver av veret, både sol, snø, strøing på vegane, isbading og lyspynting av husa til jul. M.a. nemnde ho kven som er glade i sola, isbadarane, turgåarar og lyspyntinga både på Vinje, Bossdalen og oppe i lia. Alt med glitrande humor. Ho sette sanneleg dei små grå i sving då ho spurde kvar skjora kom først om våren, ute i Stranda eller framme i dalen. Men roa dei ned att då ho sa ho narra oss fordi skjora er her heile året. Latteren blant tilhøyrarane fortalde at kåsøren trefte oss godt.

På alle treff er praten viktig. Den fekk fritt spelerom under matøkta med fiskesuppe etterfølgt av kaker og kaffe/te.

Styret takkar alle for det vi har hatt saman dette halvåret og ønskjer alle ein fin og triveleg sommar.

Som vanleg siste åra hadde vi sommartreffet på Stordal frivilligsentral.