På årsmøte 2025 i fylkeslaget

Årsmøtet i fylkeslaget vart halde 26. april på Vestnes. Det møtte delegatar frå tolv lokallag og observatørar frå fire av lokallaga.

Frå vårt lokallag møtte delegatane Jorunn Vestre, Inger Dyb Søvik og Einar Søvik. Anna Margrethe Drægebø Moe møtte som medlem i fylkesstyret.

Årsmøta har sin faste agenda med saker som skal behandlast, og fylkesstyret hadde gjeve innstilling til dei fleste av sakene årsmøtet skulle ta stilling til.

Litt debatt var det om nokre saker utan at det vart gjort endringar.

På årsmøta er det ikkje uvanleg at val tek litt tid, og årsmøtet gjorde nokre endringar i forhold til det valkomiteen foreslo vedkomande fylkesstyret og valkomiteen.

Fylkesstyret fekk slik samansetnad:
Leiar Irene Sundholm (Sykkylven) – valt for 2 år
Nestleiar Oddrun Beyer Holm (Molde) – ikkje på val
Styremedlem Nils-Inge Holm (Skodje/Ørskog) – ikkje på val
Styremedlem Lasse Olsen Honningsvåg (Ålesund) – valt for 2 år
Styremedlem Hilde Furre (Sunndal) – valt for 2 år (Ny)

Varamedlemmer i rekkefølge vart: Lise-Kristin Sæther (Åndalsnes), Anne Turid Angell Vikstad (Sykkylven) og Tonny Frøyen (Molde). Alle valt for 1 år.

Det kan nemnast at det er minst seks år sidan nokon frå Sunndal har vore i fylkesstyret eller varamedlem.

Valkomiteen fekk slik samansetnad – Valt for 1 år:

Leiar Anna Margrethe Drægebø Moe (Fjord)
Medlemmar Stig Ålgårdstad (Sykkylven)
og Aina Nausteng (Hustadvika)
Varamedlemmer i rekkefølge: Frode Lyse (Stranda) og Synnøve Lange (Vestnes)

Nemast kan at Anna Margrethe Drægebø Moe som kom inn i fylkesstyret i 2011 har vore både nestleiar, leiar og styremedlem fram til i år. Ho var også fylkeslaget sin studieleiar i alle åra frå 2012.

Fylkessekretær Sølvi Hagen vart valt til sekretær og organisasjonsrådgjevar Rune Mikkelvik var møteleiar på årsmøtet.
Eit glimt frå ein pause i årsmøtet.