
Kokarsteinen – Dyrkorn – ein fin tur
Sommardag
Heilt utruleg, det var faktisk ein god smak av etterlengta sommar då vi åtte møttest ved Kokarsteinen. Veret og temperaturen var lageleg på alle måtar etter mai og juni med låge temperaturar og nesten dagleg skvetting frå oven.
Vi rusla og prata, stogga og prata, såg oss om, såg på planter, på trea som har skote fart og begynner å ta den fine fjordutsikta vi har vore vande med på desse turane. Beundra det flotte arbeidet vegarbeidarane utførte då dei bygde vegen. Murane står støtt og vitnar om solid arbeid. Utruleg at dei kunne bygge vegen i denne bratta i den tid. Nedanfor vegen ber det rett i sjøen. Over oss er det bratte med urer mange stader.
Vel tilbake ved Kokarsteinen, tek vi ein pust, set oss ned og nyt kaffi og is som avslutning på ein triveleg tur. Faktisk den første gåturen vår i år. Triveleg var det å komme i gang att. Vi håper på fleire fine sommardagar framover.

