
Interessant og fargerikt liv i Atlanterhavsparken
Nest siste torsdagen i juni la vi turen til Atlanterhavsparken. Heldigvis var det rimeleg med besøk då vi tok rundturen og såg på dyrelivet. Fantastisk å sjå. Her fekk vi på nært hald studere mange arter vi berre har høyrt namnet på. Ingen av dei let seg forstyrre av oss nysgjerrige. Dei har vorte blaserte og avslappa av alle som rek rundt og kikar på dei. Artig var det at ein nålefisk hadde plassert seg ved ruta. Han låg roleg og kika på oss.
Utruleg kor mange fargerike og elegante skapningar det er i havet. Kongekrabba organiserte stankelbeina sine og vandra elegant forbi oss. Nedgrevne i sanden, låg flyndrer mest usynlege, og kika seg rundt. Nokre fiskar kvilte etter symjeturane sine. Ei skate hadde oppvisning for oss. Ho stilte seg nesten loddrett i vatnet og stakk snuten opp av vatnet. Mest som ho lo av oss.
Artig var det å sjå steinbiten som gjennom åra har vorte sett på som ein ufisk. Mange låg rolege. Lada vel opp til neste symjetur. Godt å ha dei store krabbene og hummarane på avstand. Vere trygg for dei kraftige klørne. Etter vandringa inne var det tur for å gå ned til lagunen og oppleve bl.a. pingvinane der.


Då vi kom og stod og kika på dvergulkene, samla fire av dei seg. La seg fint side ved side med sporen mot oss. På ei høgd låg ei anna vendt bort frå oss. Ein demonstrasjon mot nysgjerrige folk? Ei dvergulke la seg i retning mot oss med eit bestemt drag over fiskesnuten.



Etter opplevelsesrik rundtur med innblikk i flott sjøliv samla vi oss for vidare prat. Dei som ønskte det, inntok mat og drikke før vi gjekk vidare.