
Spørje – lytte – samtale
10. september vart Verdsdagen for sjølvmordførebygging markert med eit todelt arrangement i kommunen vår.
På føremiddagen var det samling på Allmenningen i Stordal der ordførar Therese Jemtegård Moen hadde appell.

Ho meinte at førebygging av sjølvmord høyrer heime på alle arenaer; helse- og omsorgstenesta, i skulen, på arbeidsplassen, på fritidsaktivitetar og innan samferdsel. Ho tok også fram at vi må vise omsorg for kvarandre og lytte. Hjelpe kvarandre i å meistre og komme oss gjennom kriser. For å hjelpe kvarandre eller få hjelp må vi møtast. Vi må skape opne lokalsamfunn med fokus på aksept og kunnskap om psykisk helse.
Etter opninga og appellen samlast fleire på frivilligsentralen for prat. Blant samtaleemna var kor viktig det er å hindre utanforskap og lage gode møteplassar slik at folk ikkje fell utanfor.

Seinare på dagen var det kveldsmarkering på skulen i Valldal. På vegne av LEVE Møre og Romsdal som har ansvaret for denne dagen i landet vårt ønskte Dagrun Vikesland velkommen. Ho fotalde at markeringa lokalt var i lag med Mental Helse Fjord og Eidsdal-Norddal Røde Kors omsorg.

Carl-Axel Bang-Ellingsen, konstituert leiar av Kirkens SOS Møre og Romsdal fortalde at Kirkens SOS har ti senter rundt om i landet og driv krisetelefon og SOS-chat. Kirkens SOS svarar på om lag 500 samtaler i døgnet. Men det er neste like mange ubesvarte samtaler. Etter pandemien auka tal eldre som snakka om sjølvmord. Dei har også samtaleteneste for innsette i fengsel. Mange tek kontakt fordi dei har det svært vanskeleg, somme fordi det er einaste sosiale innslaget deira. Samtaletenesta er gratis og anonym.
Big Valley Voices hadde kulturelt innslag, og Eidsdal-Norddal Røde Kors omsorg ordna med kveldsmat. Carl-Axel Bang-Ellingsen delte også ut Kirkens SOS sine ti tips til å verte ein betre samtalepartnar. Tipsa ligg under.
