
Stå støtt når det stormar
Årets tema inviterte til ein felles innsats for å styrke vår psykiske motstandskraft i ei uroleg tid.
Markeringa av Verdensdagen for psykisk helse var i Stordalshallen 15. august. Eva Hove ønskte velkommen og tok fram at vi skal vere budde på kriser ved å ha kriselager med m.a. drikke og vatn. Kanskje bør vi også ha eit kriselager for vår mentale helse for livet byr på utfordringar. Det kan vere einsemd og utanforskap. Ingen går gjennom livet utan sår.
Psykolog og historieforteljar Hilde Johanne Aasfoss var kveldens foredragshaldar. Ho tok fram at vi treng eit psykisk beredskapsskrin. Innhaldet kan vere ulikt for oss fordi vi er forskjellige. Psykisk beredskap er å få ei indre kraft til å stå støtt når ein møter motgang. Ho brukte livets tre, Yggdrasil, som symbol på den psykiske helsa. Med djupe røter står treet støtt i stormen. Røtene må passast på. Vi må styrke røtene våre. Ei viktig rot er å høyre til og fellesskap. Tilhøyrsle er noko av det viktigaste for psykisk helse. Ho tok fram at det er viktig med nære vennskap, og nemnde at ein av fem nordmenn kjenner seg einsame og ein av fire ungdommar har ikkje nokon å snakke med når dei har det vanskeleg. Glede og leik er god næring for røtene. Likeeins å gjere ingenting for å få energi og påfyll.

Hilde Johanne tok fram at historier frå dei som har levd før oss kan gje styrke, kunnskap og håp. Kjensla av å meistre livet er viktig for den psykiske helsa. Vi må tileigne oss kunnskap om psykiske helse slik at vi har verkty når det stormar i livet. Beste tipset for å roe ned stress, er å puste. Puste inn medan ein tel til fire og puste ut medan ein tel til seks. Eit anna verkty er å observere tankane sine utan å dømme seg sjølv.

Kommunalsjef Sindre Søvik Erstad orienterte om arbeidet med Levekårsplan og særleg livsløptrappa.
På markeringa begynte og avslutta Frank Iversen med songar som kulturelt påfyll denne kvelden.
Arrangørane av markeringa av Verdensdagen for psykisk helse, Mental Helse Fjord og Nasjonalforeninga Stordal Helselag takkar Sparebanken Møre for sponsinga av markeringa.


