Velferdsinstrumentet CRDL – ei spesiell oppleving

I november møtte logoped Ursula Astrid Jongsma og demonstrerte dette spesielle instrumentet på møtet vårt. Alle interesserte, både medlemmer og ikkje-medlemmer, er velkomne på møta.

CRDL – cradle på engelsk – er eit eksempel på varm velferds-teknologi. 
Instrumentet kan bli brukt for å stimulere eller gjenopprette kontakt med personer som har kommunikasjonsvanskar av ulike grunner, som for eksempel demens, autisme, afasi eller nedsatt funksjonsevne. CRDL er eigna for bruk i alle aldre. Ursula Astrid synte korleis ein brukar instrumentet. Dei som ønskte det, fekk prøve.

«Velferdsvogga»  gjør det mogeleg å nå kvarandre utan ord. Ved hjelp av lydar og musikk vekkjer instrumentet gode minne til live. Språket vert stimulert og uro kan dempast. Det må vere minst to. Dei legg kvar si hand på instrumentet og berører kvarandre med dei to andre hendene – dannar ein kjede. Rørslene lokkar fram dei ulike lydane i takt med rørslene.

Nokre av lydane eller temaene er: Ut i naturen, I byen, Våren er her, På garden og musikk. Det er 15 ulike lydtema med 5 lydar kvar. I alt 75 lydar. Ursula Astrid fortalde at på sjukeheimane i Stordal og Valldal er det slike instrument som vi kan bruke når vi besøkjer nokon som vi elles kan ha vanskeleg å få kontakt med.

Det var ei lydhør og interessert forsamling.