Årsmøtet 2026 er gjennomført

Som i alle år

Menyen for gjennomføring av årsmøta står i vedtektene våre, og prosedyre er som i alle år. Styreleiar Anna Margrethe Drægebø Moe ønskte velkommen og konstituerte møtet der 16 medlemmer møtte.

Valborg Haugen vart valt til møteleiar med Anna Margrethe som sekretær. Dei tok plass og årsmøtet gjekk sin gang med fastsetjing av dagsorden, val av to protokollunderskrivarar, Brit Skjelten og Jorunn Vestre. Teljekorps vart Annie Furseth og Ingebjørg Vestre.

Årsmelding 2025 – 2026 og revidert rekneskap 2025 vart lagt fram og gjennomgått før dei vart godkjende. Som i alle tidlegare år har ikkje styremedlemmene honorar. Det var ingen innkomne saker. Framlegg til handlingsplan og budsjett vart teke til orientering.

Siste post på årsmøta er val, og valkomiteen sitt framlegg vart referert. Etter valet fekk styret slik samansetjing:
Anna Margrethe Drægebø Moe – leiar
Gunn Paula Busengdal – kasserar valt for 2 år.
Ingebjørg Vestre – styremedlem
Eystein Hjelme -1. varamedlem valt for 1 år
Else Midtbust – 2. varamedlem valt for 1 år

Desse vart valt til delegatar på fylkesårsmøtet:
Styreleiar Anna Margrethe Drægebø Moe, Ingebjørg Vestre og Jorunn Vestre med varamedlemmer i rekkefølge: 1. Annie Furseth 2. Brit Skjelten.

Valkomite: Arna Øvrebust – leiar og Einar Søvik valt for 1 år.
Revisorar: Torbjørn Hove og Lars Petter Aasen valt for 1 år.

Alle val var samrøystes.

Torill Sandvik, Jorunn Vestre (kasserar) og Marit Abelvik som har vore mangeårige styremedlemmer stilte ikkje til attval. Styreleiar takka dei for mangeårig innsats i lokallaget.