
Om lokalmatbutikk og å skape nye matopplevingar
Gründer Janet Roelofs fortalde på medlemsmøtet i mars om oppstarten av lokalmatbutikken Stolt Mat på Sjøholt. Ho er frå Nederland, og i 1997 kom ho og mannen Gert til Noreg.
I 2015 begynte dei med bedrift på Sjøholt. I førstninga var det handel med fisk, så utvikla det seg til lokalmat. Butikken var open tre dagar i veka. Dei andre dagane jobba ho som intensivsjukepleiar på sjukehuset i Ålesund. Då ho utvida med kafedrift i tilknytning til butikken, vart det fulltidsarbeid og ho slutta på sjukehuset. Som lita bedrift som driv med lokalmat, er Stolt Mat medlem i bransjeorganisasjonen Hanen.
Janet tok fram at når ein kjem på ein ide, må ein ikke berre snakke, men gjere det. Ein må ha pågangsmot for å starte ei bedrift i eit lite sentrum med 2311 innbyggjarar og gjennomgangstrafikk. Produkta ho kjøper inn, sel og brukar er frå småskalaprodusentar i Møre og Romsdal. Nokre produkt kjem frå Trøndelag fordi kundar etterspør dei. Ho vektlegg at produkta skal ha god kvalitet.
Maten ho sel i kafeen, har ho tenkt ut sjølv. Janet er ikkje utdanna kokk men likar å skape smakfulle og innbydande rettar og legg vekt på det vesle ekstra som t.d. eit lokk på kaffikoppen med eit smilefjes på. Det er viktig at kunden har ei god oppleving. Elles tok ho fram at når ein driv ei bedrift, er det viktig ha god økonomisk styring slik at ein har midlar dersom det t.d. skjer noko med utstyret i bedrifta. Skal ein drive drive ei lita bedrift og lukkast slik Janet gjer, må ein vere potet.




