På fylkesårsmøte 2026

Kvart lokallag har tre delegatar på årsmøtet. Frå vårt lokallag møtte styreleiar Anna Margrethe, Ingebjørg og Jorunn. Årsmøtet vart halde i Molde med i overkant av 40 delegatar og vel 10 observatørar.

Årsmøtet valde Ragnar Johansen til møteleiar og Sølvi Hagen til årsmøtesekretær.

Årsmøtet gjekk sin gang etter oppskrifta i vedtektene. Handlingsplanen er lokallaga sitt arbeidsoppdrag til fylkesstyret om å jobbe med i komande periode. I årsmeldinga skal styret rapportere kva det har utført. Som vanleg la styret fram forslag til handlingsplan. Styret sitt framlegg vart vedteken med eit nytt punkt om at styret skal arbeide med å opprette fleire lokallag.

Når det gjeld dei andre sakene og resultat, vert det vist til godkjend årsmøteprotokoll som vil verte lagt ut på fylkeslaget si nettside.

Møtet vart heva ein times tid, og sentralstyremedlem Tor-Johnny Angledal helsa årsmøtet og fortalde om arbeidet sentralt i organisasjonen. Han var bl.a. innom svartenestene, økonomien, brukarmedvirkninga og mentorordninga.