Politisk verkstad

Fjord kommune er ein av fem kommunar i fylket som har fått ovannemnde tilbod som har blitt til gjennom eit samarbeid mellom statsforvaltaren, fylkeskommunen og Distriktssenteret. Ordførar Therese ønskte oss velkomne til verkstaden, der det var møteplikt for kommunestyret, dei ulike råda, tillitsvalde og leiargruppa.

Kunnskap og realisme

I svært god tid før møtet fekk vi tilsendt køyreplan med linkar til opplæringsmateriell som vi burde gå gjennom før møtet. Kommunen vår er liten med avgrensa administrative ressursar, har eit krevjande utfordringsbilde med veksande tal eldre og dårleg økonomi. I det vi skal gjere må berekraft vere førande. Berekraft er å ta vare på samfunnsressursane slik at dei som kjem etter oss kan dekke sine behov og leve trygge, gode liv.

Planene må henge saman, vere realistisk og systematisk, gje oversikt. 2/3 av oppgåvene må løysast lokalt. I arbeidet kan vi bruke det vi har erfart og spørje oss om dette er berekraftig. Å ha mål utan plan er berre fantasi. Når nytt kommunestyre er valt, skal det lage planer for fire år å styre etter. Det må finne ut kva planer ein treng og kva planer ein har. Men den viktigaste planen er kommuneplanen. Den er Fjord kommune sitt overordna styringsdokument og set retning for utviklinga av kommunen fram til 2033.

Planlegging handlar om å prioritere – «forsømme i rett rekkefølgje». Budsjett og økonomiplan skal vere realistiske og i balanse. Elles fekk vi vite at siste 10 åra har det vore registrert 1090 innflyttar til Fjord kommune medan 1208 har flytta ut.

Først var alle innkalla samla til felles gjennomgang. Deretter vart vi delt i grupper for å diskutere ulike problemstillingar for framføring i plenum.

Møteglade?

Vi i råda vert definert som folkevalde, og som namnet seier er vi eit rådgjevande organ som skal påvirke politikarane. Det er viktig at vi aukar kunnskapen ved å delta på møte, kjenner systemet, ser samanhengar, les og brukar tid på vervet for å kunne gje saklege og gode uttalar.

Etter felles gjennomgang i plenum, var det fleire gruppearbeid med refleksjonar og diskusjonar. Resultatet vart lagt fram i plenum. Her er rådet for personar med funksjonsnedsettingar, frå venstre Anna Margrethe, Henriette, Olav Amund og Ingrid, samla under gruppearbeid.

Vi som sit i rådet representerer ulike organisasjonar, men i rådet skal vi ikkje jobbe berre for vår eigen organisasjonen, men for alle typer funksjonsnedsettingar. Anna Margrethe og Ingrid tilhøyrer Mental Helse Fjord.