
Årsmøtet 2025 er vel gjennomført
Tradisjon
I nesten alle år sidan laget vart stifta, har årsmøta vore andre tysdagen i februar. Ein svært god tradisjon som fungerer svært godt.
Styreleiar Anna Margrethe Drægebø Moe ønskte velkommen og konstituerte møtet. Årsmøtet godkjende innkallinga og dagsorden. Einar Søvik vart vald til møteleiar med Anna Margrethe Drægebø Moe som sekretær. Møteleiar og sekretær tok deretter over møtet.
Møteleiar gjekk vidare på sakslista, der Else Midtbust og May Britt Stavseng vart valde til protokollunderskrivarar. Styreleiar las årsmeldinga og orienterte om den reviderte rekneskapen, og det vart opna for spørsmål før årsmøtet godkjende begge sakene. Årsmøtet slutta seg også til styret sitt forslag om at det ikkje skal betalast honorar til styret. Det var ikkje kome inn saker under Innkomne saker, og møteleiar gjekk vidare til handlingsplan og budsjett der styreleiar orientert om styret sitt forslag før det vart opna for debatt. Også her slutta eit samrøystes årsmøte seg til forslaga.
Val er siste post på årsmøta. Styreleiar Anna Margrethe Drægebø Moe vart attvald og Ingebjørg Vestre vart ny styremedlem. Torill Sandvik og Tora Moe vart valde til varamedlemmer. I mange år har Reidun Torpe Langhaug og Torbjørn Hove vore revisorar. Reidun sa frå seg attval medan Torbjørn stilte på att og vart valt. Lars Petter Aasen vart ny revisor.
Møtet var avslutta med enkel servering. Fylkesfadderen kunne diverre ikkje møte.

Det nye styret har slik samansetjing:
Anna Margrethe Drægebø Moe – leiar
Jorunn Vestre – kasserar
Marit Abelvik – styremedlem
Ingebjørg Vestre – styremedlem
Torill Sandvik – 1. vara
Tora Moe – 2. vara
Valkomite fekk slik samansetjing: Randi Vestre, leiar, Anne Jorunn Nilsen og Arna Øvrebust. I tillegg til styreleiar skal det veljast 2 delegatar og 3 varamedlemmer til fylkesårsmøtet i Molde 26. april. Jorunn Vestre og Marit Abelvik med varamedlemmene Einar Søvik, Inger Dyb Søvik og Jorunn Langleite vart valde. Alle val var ved akklamasjon.