Figaros bryllup – ei oppleving
Om hausten har vi operafeber. Det har også vorte ein tradisjon å vere på opera – ei flott oppleving.
Som vanleg dei siste åra har turen gått til Opera Nordfjord, og vi har overnatta på Nordfjordeid Hotell. Tidlegare år gjekk turen til Festiviteten i Kristiansund, operaen der. Der er det under oppføring nytt operabygg og kanskje vi reiser dit neste gong for å oppleve det nye bygget.
Denne gongen var det komisk opera i fire akter av Wolfgang Amadeus Mozart. Før framsyninga møtte vi på operasjef Kari Standal Pavelich si orientering om operaen. Alltid greitt å få med seg den. Ho la vekt på at det er så mange forviklingar at det er vanskeleg å halde tråden og til tider vil det vere vanskeleg å få med seg teksten i songane. Godt å ha dette som utgangspunkt.
Men under framsyninga var det berre å nyte musikken, kostymene, opptreden og kulissane. Fargerikt og flott med god driv. Publikum var så begeistra at etter forestillinga vart det taktfast applaus som gjekk over i ståande applaus.
Etter avslutta opera samla vi fjorten oss på hotellet og hadde ei triveleg og sosial økt før vi kvelda. Kjekt var det å treffe på to frå Sykkylven som også hadde vore på operaen. Godt prat gjorde at kvelden fauk av garde. På tide å komme seg på romma, fordøye dei gode opplevingane og sove. Vere utkvild til frukost og heimreise neste dag.