Fin hausttur til Botnastølen

Første haustmånaden spanderte flott klårver med sol frå første dag.

Ein flokk ivrige turgåarar samla seg ved Mo bedehus 2. september, organiserte seg i nokre få bilar og køyrde vidare opp til Josætra og parkerte. Apostelen sine hestar tok over. Vi passerte fine og velstelte bygningar med slått mark rundt. Gjekk vidare innover mot Botnastølen som også vert kalla Jøsvollsætra.

Traska på god ATV-veg i fritt og ope lende i lett kupert terreng. Praten gjekk fritt og lett. På høgre sida renn elva og samlar opp vatn som vekslar mellom fredeleg renning og skravlande fossar på veg ned til Stavåna. Der briskar ho seg under brua, kastar seg vilt vidare nedover berga før hiver seg ut i Stordalselva.

Vi kjem inn til steingarden. Ein turgåar har teke ein pause. Han fortel at vi er halvveges. Etter kvart kjem vi opp på ei lita høgd, ser bygningar på Stavdalssætra. Ruslar vidare. Botnastølen kjem til syne. Over nokre berg i elva er ei hengebru. Der kan ein gå over til andre sida der Stavdalsstølen ligg.

ATV-vegen går over til sti siste delen bort til velstelte og fine Botnastølen. Der ventar fleire turgåarar. Berre å finne seg plass på benkar og stolar og nyte nista. Kirsten har funne fram bilde frå «gamletida» på stølen, syner og fortel. Mellom anna har ho bilde av brua som gjekk over elva bort til Stavdalsstølen for lenge sidan. Harald orienterer også om staden og det som var. Rundt krigen var det slalåm og utfor frå Benkjane og høgda ovanfor. Dei som la til rette for renna budde på stølen, trakka og stakk ut løyper. Gjorde alt klart til renndagen.

Mange av turgåarane var her for første gong. Dei lovprisa staden. Kjekt å gå saman med LHL og få vise dei den fine stølen.

Nokre av turfolket Jorunn, Arna, Arnfinn og Rønnaug saman med to av grunneigarane, Harald og Kirsten (sit i stolar), som tok godt i mot oss. Takk til dei fordi dei tok turen opp hit og gav oss fin velkomst og orientering om stølen.