Haustdag på Langsætrane

Hausten har stukke penselen i fargeskrinet og har begynt å legge første strøka av raudgult i liene.

Bilane vart parkert i Seljebotn. Vi tok fatt på den omlag 6 kilometer lange turen mot Langsætrane. Fint å traske på god grusveg. Når vinteren kjem, vert den forvandla til skiløype for skiglade. Vi ruslar, stoggar, diskuterer, utvekslar tankar og meiningar, nyt landskapet. Elva brusar forsiktig med lite vatn, blandar seg ikkje i samtalane våre i dag. Sikkert det beste. Roleg vandring vidare.

Går i rykk og napp, passerer fine hytter, alpinbakken har ferie, heisen kviler. Ladar vel opp til snø og skisus i små og store svingar nedover bakkane. Ein bitte liten frosk, tett på to centimeter lang når han er klar for hopp, kryssar vegen. Hoppar med kurs til trivelegare underlag enn grus. Vert borte i grastustane i vegkanten.

Skal han overleve, må han finne dvale nede i jorda der telen ikkje når han. Er han hofrosk og vert gytemoden om 2-4 år, søkjer ho tilbake til dammen der ho vart til, for å gyte egga. På turen ber ho ein hannfrosk på ryggen. Ved rett temperatur vert egga lagt, og hannen som sit på ryggen, sprøyter sperm over dei. Egga ligg i vatnet til dei vert til symjande rumpetroll og stig på land som små froskar.

Vi møter resten av gjengen ved den einaste grinda på vegen. «Lat att» minner oss om at her kan vere husdyr. Korkje ser eller høyrer vi kyr. Heilt åleine her. Ikkje ein einaste hås måse helsar på oss. Kanskje sæteropphaldet deira er over.

Passerer Puskebrua, luskar vidare. Ser nokre personar med hund. Jaktfolk så tidleg på dagen? Utan gevær spreier dei seg i terrenget. Pratar med ein mann som står att. Det er hundeprøve, fortel han. Hundane skal finne sauekadaver utlagt i terrenget. Når dei har klart eksamen, vil dei hjelpe bøndene med å leite opp kadaver etter jerven sin ville herjingar.

Så landar vi på hytta til Karen i år som tidlegare år.

Det har vorte tradisjon å samlast på hytta til Karen etter gåturen frå Seljebotn. Her får vi kaffe og set til livs både skiver, kake, twist og frukt. Som vanleg sit praten laust, og hendingar frå tidlegare tider vert fortalt. Ei triveleg stund med latter. Tusen takk til Karen frå oss!

Utruleg turver. Nesten som ein draum. Godt å kaste jakka. Varmt. Skyfri himmel. Klår haustluft. Begynnande brungule marker. Fantastisk.