Hausttreff på vakre Vestresætra

Tradisjonen tru reiste vi til Vestresætra i år også. Litt gråver i dag, men Arna fyrte opp i hytta si til vi kom. Herleg vedvarme møtte oss i døra.

Både til fots og i bil

Opp til setra er det grusveg og godt å gå til fots. Dei fleste av oss tretten som møtte, tok beina fatt og hadde ein fin trimtur på omlag ein halv time. Litt yr i lufta. Pytt, kva gjer no det. Vel framme, benka vi oss både i sofakroken og ved spisebordet. Så vart skravla sleppt laus. Mange tema vart diskutert på kryss og tvers. Duren var høg og jamn. Alltid kjekt å treffast og utveksle erfaringar og idear.

Inn i mellom drog vi pusten, fekk tid til å ta til oss både mat og kaffi/te. Nesten alle åra vi har vore har, har det vore finver med sol. Likevel, sjarmerande med kvilande dis over fjord og fjell. Hausten og kaldare netter har lagt varme fargetonar over setervollen nedanfor sjølve sætra. Berre å la auga kvile i fargane ned til fjorden og fjella bak som tek over med sine blåtonar under blågrå himmel.

Sidan i fjor har ei ny hytte reist seg og ei ny er på gang på setra. God byggeaktivitet på ein fin seter med lettleg utsikt. I godt lag går tida fort og vi takka Arna for oss. Returen går både til fots og i bil. Ein fin tur for alle.

Ein del av gjengen fann seg godt til rette i sofakroken. Fotografen/skribenten sit også her, men er usynleg.
Utsikta nedover den varmkledde setervollen møter fjorden og fjella sveipa i dunlette skydottstriper.