Januartreff

Når det er glatt ute og regn, er det kjekt å treffast.

Vi var i alt seksten som tok turen innom Stolt Mat denne gråversdagen. Inne var det ikkje noko som minte oss om veret ute. Vi fekk servert mat og kaffe/te i to hyggelege og nostalgiske lokale.

Praten tok laus straks vi var samla, og det var ein jamn dur av alle temaene som var på dagsorden. Hadde det vore sommar, kunne duren vorte forveksla med ein stor skare humler i vill flukt. Emna strekte seg frå bygdepolitikk til politikk på høgt nivå, og nominasjonensprosessen i USA slapp ikkje unna. I alle fall kjekt med meiningsutvekslingar.

Så er det slik at alt kjekt har ein ende, og tida kom for å ønskje kvarandre god helg og bryte opp.