Kom mai skjønne milde

Vandretur frå Kokarsteinen til Stamneset på Dyrkorn – kjenne våren som kom brått – fantastisk. Oppleve og studere blomane og voksteren.

Fjordtur på gamlevegen

Utrøna gjorde inntok med sitt kalde guft ved oppmøteplassen, Kokarsteinen. Godt å ha på seg vindtett jakke. Men då vi runda hammaren ved inngangen til Dyrkorntunellen fekk dei omlag tjue gradene overtaket langs bergveggen mot Dyrkorn. Herleg å rusle her.

Ekstra kjekt å treffe den trivelege LHL-gjengen på turen, slå av ein prat og nyte den fine fjordutsikta. Vi ser over til Yste-Skotet som skal ha vertsfolk med røter i Stordal i sommar. Fjorden ligg still. Gamlevegen har gjennom åra vore ein populær turveg for vandrarar. Her i solhellinga kjem våren tidleg med fine plantar. For nokre tiår tilbake når våren var treg, reiste stordalingane ut i stranda her og henta utsprungen bjørk for å pynte til 17. mai. Andre stader stod bjørka i stampe med knoppar på kvistane.

Vi passerer perla Dyrkorn som ligg vakkert til ved sjøen og strekker seg oppover lia med vid utsikt innover og utover fjord og fjell. Elva kastar seg brusande ned lia, hiver seg i vill fart under gamlebrua og brusar seg vidare nedover og jagar vidare under nybrua. Etterkvar roar den seg i fjorden. Tilgangen på vatn la til rette for elektisk kraft og drift av ein notfabrikk som gav mange arbeidsplasser og skapte stor busetnad, tilflytting og eit yrande liv i bygda. Så endra tida seg. No er alt nedlagt.

Etter kryssing av vegen, ruslar vi vidare på gamlevegen som snor seg over inngangen til Stordalstunellen, rundar eit nes og kjem til garden Flåen, passerer den, når målet Stamneset, tek ein pust i bakken, nyt utsikta. Etter matøkt og triveleg prat er det tid for retur til Kokarsteinen.

LHL-gjengen gjekk same turen. Ekstra kjekt å vandre saman med dei, slå av ein prat og verte meir kjende med dei.

Denne dagen var svært mange på tur, og det var greitt å parkere ved Kokarsteinen. Håper at det er opne når vi har neste tur, og vi kan kjøpe softis. Motorsyklistar er eit typisk vårteikn. Denne gongen var det lærekøyring.