Leiarmøte for lokallaga i Møre og Romsdal

Fylkeslaget kallar inn styreleiar og eitt styremedlem frå kvart lokallag til leiarmøtet. Dette leiarmøtet vart halde laurdag 11. november på Vestnes Fjordhotell. Det møtte 18 representantar frå 9 lokallag. Frå Mental Helse Fjord møtte styreleiar og kasserar.

Fast post på leiarmøta er såkalla nytt frå lokallaga. Kvart lokallag fortel om arbeidet og aktivitetane dei har. Såleis deler vi tips og erfaringar med kvarandre som vi kan ta med oss heim i det vidare arbeidet i lokallaget.

Elles var det informasjon om studiearbeid og tilskottsordningane, opplæringstilskott (OT) og tilretteleggingstilskott (TRT). Lokallaga utfører mange aktivitetar som gjev læring, og ein kan finne ei studieplan og registrere det som kurs. I utgangspunktet er det nok med fire deltakarar som gjennomfører eit kurs på tilsaman 4 timar. Det gjev pengar i kassa som kan brukast til nye aktivitetar. Her kan ein gå inn på funkis.no og lese meir.

Om ikkje lenge er det årsmøte, og det vart med utgangspunkt i informasjonen som ligg på nettsida teke ein gjennomgang av kva som må utførast og vere med på sakslista. På Mental Helse si nettside ligg det malar og «oppskrift». Alt dette lettar arbeidet med årsmøtet. Arbeidet med årsmøtet gjev læring og kan også registrerast som kurs.

I alt var det 22 deltakarar på møtet.